Kviteseid kommune har ikkje spesifikk lokal forskrift, men forureiningslova §7 gjeld.

Utdrag av rettleiing frå miljødirektoratet.

Etter forureiningslova § 7 har tankeigar blant anna ein plikt til å unngå forureining og til å treffe tiltak dersom forureining oppstår.

Eit stort antal nedgravde oljetankar kan utgjere ein risiko for forureining til grunnen. Lekkasjar kan føre til store skader og høge kostnader.

Tanken skal som hovudregel tømmast og gravast opp. Ta kontakt med leverandør eller føretak som har kompetanse for slikt arbeid.

Tankane vil alltid innehalde restolje, og sjølv tankar som er «fyrt tomme» vil i snitt innehalde 100 liter restolje per kubikkmeter av tankens volum. For å unngå søl og uhell er det viktig at tanken tømmast før den blir heva opp av bakken.

Vi anbefaler også at tanken reingjerast etter at den er tømt. Dette bidrar til å få ut all restolje. I tillegg kan krav til reingjering også følgje av andre omsyn og regelverk, for eksempel arbeidstilsynets regelverk for arbeid på tankar og av omsyn til brann- og eksplosjonsfare ved bruk av varmedannande reiskap (skjærebrennar, vinkelsliper o.l.) for å demontere tanken.

Kva viss det blir vanskeleg å grave opp tanken?

I tillegg til at alle tankar inneheld restolje, kan det også vere oljesøl innunder tanken som følgje av allereie oppståtte lekkasjar, tidlegare overfylling og liknande. Denne oljen kan spreie seg over tid.

Det er bare ved å grave opp tanken at du kan vere heilt sikker på å unngå forureiningsfare i framtida. Likevel vil det, i særlege tilfelle, kunne bli uforholdsmessig vanskeleg og dyrt å fjerne tanken heilt, for eksempel som følgje av tankens plassering og tilkomst.

Kommunen kan gi unntak frå kravet om oppgraving, for i staden å reingjere og fylle igjen tanken med stabile masser(sand/grus).

Kva masser kan ein fylle igjen oljetankane med?

Kommunen kan gjere unntak fra kravet til oppgraving ved å tillate at tanken i staden kan fyllast igjen med «sand, grus o.l.». Det vil omfatte naturlege lausmasser som det ikkje er knytt nokon forureiningsfare til. Slike masser kan sugast ut av tanken igjen dersom den må fjernast på eit seinere tidspunkt. Det vil lette jobben med å løfte opp tanken frå grunnen samt vidare avfallsbehandling av tanken.

Kommunen kan ikkje tillate bruk av andre masser enn det forskrifta opnar for.

Er det krav til kven som kan tømme, reingjere og grave opp eller fylle att nedgravne oljetankar?

Forureiningsforskrifta kapittel 1 viser ikkje til formelle kompetansekrav, og Miljødirektoratet driv heller inga form for sertifisering eller godkjenning av dei enkelte aktørane.

Plikta i forureiningslova § 7 til å unngå forureining inneber likevel eit indirekte krav til at arbeidet må utførast på ein slik måte at det ikkje utgjer nokon fare for forureining. Dette krev at aktøren har tilstrekkeleg kompetanse på feltet.

Tømming, reingjering og fjerning av oljetankar er ikkje ein jobb for kven som helst. Den som påtar seg slikt arbeid kan også bli sittjande igjen med ansvar dersom noko går galt og oljesøl oppstår. Vi er kjent med fleire tilfeller der uforsvarleg handtering av tankane ved fjerning har ført til lekkasjar, forureining av grunn og skader på bustad – blant anna ved at tankane ikkje tømmast for all olje før dei blir løfta opp fra bakken.

Restolja vil vere farleg avfall, som må leverast til lovleg mottak. Føretak har plikt til å deklarere det farlege avfallet ved levering til avfallsmottak. Dette følgjer av avfallsforskriften kapittel 11

Andre regelverk enn det som Miljødirektoratet og kommunen er myndigheit for, kan også stille andre krav til dei som handterer nedgravne oljetankar. Det kan for eksempel vere knytt til sikkerheit, brann- og eksplosjonsfare. Blant anna har Arbeidstilsynet ei forskrift som stiller krav til føretak som utfører arbeid i eller på tankar.

Enkelte delar av handteringa av nedgravne tankar kan likevel tankeigar lettare gjere sjølv. Det kan vere å grave fram til tanken før tanksaneringsføretak kjem. Det bør gjerast i samråd med det innleigde føretaket som skal tømme og fjerne tanken.

Kor skal oppgravde tankar leverast?

Oppgravde tankar skal leverast til eit lovleg avfallsmottak.

Av omsyn til helse, miljø og sikkerheit ved avfallsmottaket som skal ta imot tanken, kan det vere at avfallsmottaket vil stille spesifikke krav til for eksempel behandling eller dokumentasjon knytt til tanken, og i tilfelle til innhald ved levering. Det kan derfor vere lurt å ta kontakt med avfallsmottaket i forkant.