Kviteseid kommune har ikkje spesifikk lokal forskrift, men forureiningslova §7 gjeld.

Utdrag av rettleiing frå miljødirektoratet.

Etter forureiningslova § 7 har tankeigar blant anna ein plikt til å unngå forureining og til å treffe tiltak dersom forureining oppstår.

Eit stort antal nedgravde oljetankar kan utgjere ein risiko for forureining til grunnen. Lekkasjar kan føre til store skader og høge kostnader.

Tanken skal som hovudregel tømmast og gravast opp. Ta kontakt med leverandør eller føretak som har kompetanse for slikt arbeid.

Tankane vil alltid innehalde restolje, og sjølv tankar som er «fyrt tomme» vil i snitt innehalde 100 liter restolje per kubikkmeter av tankens volum. For å unngå søl og uhell er det viktig at tanken tømmast før den blir heva opp av bakken.

Vi anbefaler også at tanken reingjerast etter at den er tømt. Dette bidrar til å få ut all restolje. I tillegg kan krav til reingjering også følgje av andre omsyn og regelverk, for eksempel arbeidstilsynets regelverk for arbeid på tankar og av omsyn til brann- og eksplosjonsfare ved bruk av varmedannande reiskap (skjærebrennar, vinkelsliper o.l.) for å demontere tanken.

For meir informasjon sjå her.