Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Informasjon om Covid-19

Tiltak for å redusere all form for smitte av luftvegsinfeksjonar i kommunen sine helsetenester.

Tilsette i helsetenestene i Kviteseid kommune som har teikn på luftvegsinfeksjon i form av hosting eller nysing og dei som har feber, blir no tekne ut av pasientrelatert arbeid. Dette for å førebyggje smitte til sårbare grupper. Det er viktig å understreke at dette ikkje er tilsette der ein mistenkjer koronasmitte. Dette er eit tiltak for å hindre smitte av all form for luftvegsinfeksjon. Ved eit eventuelt utbrot av koronaviruset i kommunen, er det naudsynt å gjera tiltak for å unngå at sårbare grupper blir utsett for andre luftvegsinfeksjonar, då fleire pågåande infeksjonar er ei større påkjenning for den einskilde.

Dette tiltaket gjeld berre tilsette i helsetenestene.

Når det gjeld tiltak knytt til koronavirus fylgjer kommunen til ei kvar tid råd og retningsliner som kjem frå helsestyresmaktene.

Informasjon og råd vil bli justert og oppdatert i samband med utbrotet si utvikling og kunnskap om infeksjonen.

Klikk her for å lese meir og få til ei kvar tid oppdatert informasjon: Folkehelseinstituttet koronavirus Lenke til et annet nettsted.

Situasjonen vil få konsekvensar for korleis vi må prioritere pasientar på legekontoret. Pasientar med akutte behov vil bli prioritert. Når det gjeld andre brukarar av kommunen sine helsetenestar gjeld det same.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?