Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Minner om søknadsfrist 1. november - Covid-19 - krisepakke 3

Til verksemder og næringsaktøtar i Kviteseid kommune.

 

Staten har kome med ulike krisepakker i samband med Covid-19. I regjeringas 3. krisepakke, blei det vedteke å gje 600 millionar i støtte til kommunane, øyremerka kommunalt næringsfond. Vestfold og Telemark fylkeskommune fekk 40,4 millionar av denne potten til fordeling mellom dei 23 kommunane i fylket. Kviteseid kommune har motteke kr 1 400 000 av disse midlane.

Verksemder og næringsaktøtar kan søke om midlar til tiltak som fremmar auka aktivitet, sysselsetting og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.

Kriteria for tildeling:

Verksemda må ha kontoradresse i kommunen

Verksemda må levere rein skatteattest

Verksemda må levere rekneskap for 2019

Søknaden må vise til tiltak som opprettheld eller skapar arbeidsplassar eller anna verdiskaping

Søknaden må sendast gjennom www.regionalforvaltning.no Lenke til et annet nettsted.

Brukarstøtte regional forvaltning. Lenke til et annet nettsted.

Søknadsfrist er 1. november 2020.

Kontaktperson:

Elisabeth Lid

 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?