Høyring - nedlegging av Straumsnes oppvekstsenter

Kviteseid kommunestyre har i møte den 15.10.20, sak 68/20 gjort vedtak om å sende saka om nedlegging av Straumsnes oppvekstsenter på høyring. Høyringa gjeld nedlegging av skuletilbodet i Vrådal, medan tilbodet om barnehage framleis blir oppretthalde.
Jamfør ulovfesta forvaltningsrettsleg prinsipp som seier at ei sak skal vera forsvarleg klarlagt før vedtak blir fatta, blir saka lagt ut på offentleg høyring.
Høyringsperioden er sett til 7 veker. Høyringsfristen er 21.12.20.
Alle har høve til å koma med høyringsinnspel. Kviteseid kommune vil invitere til ope møte om saka i Vrådal i løpet av november. Høyringsnotatet i saka finn du her. Pdf, 1 MB, åpnes i nytt vindu.
Høyringsuttale skal sendast til post@kviteseid.kommune.no eller i vanleg post til:
Kviteseid kommune
Kviteseidgate 13
3850 Kviteseid
Når høyringsfristen er ute vil mottekne innspel verta vurderte, og Kviteseid kommunestyre vil gjera endeleg vedtak i saka.
Med helsing
Rådmannen
Sist oppdatert