Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Koronaråd for deg som reiser heim til jol

Fritidsreiser som ikkje er naudsynte, er for tida anbefalt ikkje å gjennomføre. Reiser heim til jol er definert som ei naudsynt reise, og kan gjennomførast. Det er likevel nokre råd vi ber om at de som reiser til jol merkar dykk. 

Dersom du kjem frå eit område med høgt smittetrykk til eit område med lågt smittetrykk, bør du vera forsiktig dei 10 fyrste dagane. 

- Reduser talet på nærkontaktar 
- Hald to meters avstand til personar i risikogruppe 
- Ver særleg nøye med hand- og hostehygiene
- Ver særleg merksam på symptom 
- Ha låg terskel for å teste deg, dersom du får symptom, eller kan ha vore utsett for smitte
- Tenk over kva du skal gjere dersom du blir sjuk og må isolere deg, eller dersom du må i karantene 

Følgj med på heimesida til kommunen du er i for lokale tiltak. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?