Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Fyrste vaksine er sett i Kviteseid

Torsdag 7. januar 2021 var historisk i Kviteseid. Då vart den fyrste Covid-19 vaksina sett i kommunen. Det var Inga Sandland som fekk fyrste vaksina kl 11:45.

Det var ei stor ære for oss i vaksinasjonsteamet å få vere med på dette arbeidet. Vi har førebudd oss i mange månadar med tankar kring vaksinering, og intensiv førebuing i konkrete vaksineplanar dei siste vekene.

Vi har fått tildelt 10 vaksinar denne fyrste veka. Ein kan klare å trekke ut 5-6 dosar av eit hetteglas berekna til 5 vaksinedosar. Vi har no vaksinert 11 av bebuarane på KOS denne fyrste veka. Neste veke fortsett vi med vaksinering av bebuarane på KOS. Vi får tildelt 10 dosar då også. Vi håpar vi klarar å vaksinere 12 personar med desse 10 dosene.

Neste veke skal vi også starte vaksinering av helsearbeidarar som står i fare for å bli smitta i kontakt med pasientar på arbeid, og vaksinering av helsearbeidarar som har kritiske funksjonar i helsevesenet i kommunen. Vi har lov til å bruke 20% av vaksinedosene vi får tildelt på helsepersonell. Det betyr at vi neste veke vaksinerar 2 helsearbeidarar i kommunen og 8-10 bebuarar på KOS. Det er strenge kriterier for val av kven desse personane skal vere. Vi jobbar nå med den prioriteringa. Prioriteringslista for fordeling av dei fyrste 24 vaksinedosene til Helsepersonell er føretatt mellom einingar og yrkesgrupper, men det er ikkje bestemt kven desse personane er ennå. Det arbeidet må gjerast i løpet av dei fyrste dagane av neste veke.
 

Helsing

Bjørn Nordskog, ordførar

Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, kommuneoverlege.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?