Har du lasta ned smittestopp-appen?

Kviteseid kommune oppmodar alle til å laste ned smittestopp-appen frå FHI. 

Den nye appen er ein heilt anna versjon enn appen som blei publisert i vår. Den brukar vesentleg mindre batteri, og det er ingen som kan sjå kven du er, kor du er eller kven du møter. Appen er også basert på open kjeldekode.

- Smittestopp vil gje brukaren ekstra tryggleik ved at ein raskt kan få varsel om ein har vore i nærleiken av nokon som er smitta. Ein kan også raskt varsle andre om ein sjølv er smitta, sier assisterende direktør ved FHI, Gun Peggy Knudsen.

Ingen kan sjå om du melder smitte

Dersom ein person med koronavirus gjev beskjed gjennom Smittestopp, får du melding dersom du har vore i nærleiken av vedkomande. Dersom du sjølv blir smitta, kan du gjere det same. Dermed kan appen vere med på å hindre at fleire blir sjuke.

Verken du eller nokon andre får kjennskap til kven det gjeld, bare at du har vore i nærleiken av nokon som er smitta.

Kjelde: https://www.fhi.no/nyheter/2020/ny-smittestopp-app-klar-for-nedlasting/ 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?