Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Korleis er det å vera ung i Kviteseid kommune i 2021?

Frå måndag 1. mars får barn og ungdom i alle kommunar i heile Vestfold og Telemark fylke tilbod om å delta i årets Ungdata-undersøking. Den anonyme undersøkinga gjev barn og unge moglegheit til å fortelje om korleis dei har det. Nytt av året i Kviteseid er at vi også gjennomfører Ungdata junior, som er retta mot elevar på 5.-7. trinn. 

Viktig tematikk

Undersøkinga kartlegg blant anna barn og unge sitt forhold til skule, vener og foreldre, helse, trivsel og livskvalitet, mobbing, regelbrot, vald og rus. Nytt i årets undersøking er at fleire av spørsmålene går direkte på korleis korona-pandemien kan påverke dei. 

Resultat frå Ungdata undersøkinga gjev ungdom moglegheit til å fortelje lokale politikarar og myndigheiter om korleis det er å vekse opp i kommunen. Resultata gjev også kommunen kunnskap om ungdom sine oppvekstsvilkår og informasjon til kommunen sitt arbeid med denne aldersgruppa. 

Årets undersøking er den fyrste felles Ungdata-undersøkinga i Vestfold og Telemark fylkeskommune. 28 000 ungdomar frå ungdomsskoler og vidaregående skular i heile fylket får tilbod om å svare på undersøkinga i perioden frå 1. mars til 22. mars. I tillegg deltek elever i 5. 6, og 7. klasse i 11 kommuner på Ungdata Junior.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?