Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

SFO-plass for skuleåret 2021 - 2022

Vi minner om at søknadsfrist for plass på SFO neste skuleår er 1. april. 

SFO er eit tilbod for barn på 1.-4. trinn og elevar på 5.-7. trinn med særskilte behov. Det er tilbod om SFO både på Kviteseid skule og Brunkeberg oppvekstsenter. På onsdagar (heil dag på SFO grunna skulefri) er alle samla på Kviteseid skule. 

Du søkjer om plass på SFO i Visma foreldreportal. Denne finn du her: Innlogging Visma foreldreportal. Lenke til et annet nettsted. Du loggar inn via ID-porten. Ta kontakt med skulen eller SFO om du har spørsmål kring dette. Du søkjer på nytt for kvart skuleår. 

Frå 01.08.20 har det kome to moderasjonsordningar i SFO. Dei eine er for barn på 1. og 2. trinn. Då skal ein ikkje betale meir for ein SFO-plass enn 6 % av hushaldninga si samla inntekt. Den andre moderasjonsordninga gjev gratis SFO for barn på 5.-7. trinn med særskilte behov.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?