Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Informasjon kring AstraZeneca vaksine

Fredag 23.04.21 vart det bestemt at AstraZeneca blir tatt ut av det norske vaksinasjonsprogrammet.

Dei som har fått fyrste dose med AstraZeneca skal få andre dose med ein m-RNA vaksine, altså enten Pfizer eller Moderna. Vaksina skal setjast i det same tidsintervall som den andre dosen med AstraZeneca skulle ha vore satt. Det er 209 personar som har fått AstraZeneca i Kviteseid kommune, og andre dose vil bli fordelt i eit intervall mellom 10-12 veker etter fyrste dose, slik anbefalingane er. Vedlagt ligg eit informasjonsbrev til deg som har fått ei dose med AstraZeneca vaksine. Dei dette gjeld vil få beskjed frå vaksinekoordinator når det er deiras tur.

Her kan du lese skriv frå FHI om saka.  Åpnes i nytt vindu.

Med beste helsing

Kine Jordbakke og Tone M. Heggtveit

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?