Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

DNT Telemark arrangerer Friluftsskule i Kviteseid

Fyrste veke i sommarferien blir det arrangert Friluftsskule for 10-13-åringar.

Opplegget varer frå torsdag til laurdag med program frå kl. 09:00-14:00 kvar dag. Vi lagar felles lunsj kvar dag, men ta med drikkeflaske. 

Her kan du lese programmet og melde deg på.  Lenke til et annet nettsted.

Oppmøtestad er ved Kviteseidhallen kvar dag kl. 09:00. Vi avsluttar på same stad kvar dag kl. 14:00. Friluftsskulen vil vera i området kring Ågapet, og den er gratis. Eventuelt utstyr du treng til dei ulike dagane, kan du låne. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?