Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

ReMin - vi tar i bruk system for SMS-bestilling av vaksinasjonstime

I dei resterande prioriteringsgruppene til vaksinasjon mot Covid-19, vil vi bruke eit system for bestilling av time på SMS. Du vil få ein SMS med link til bestilling når det blir din tur. 

I denne veka byrjar me å bruke programmet Remin,  slik at ein sjølv kan bestille seg time til vaksinering. OBS! Dette gjeld dei som fått ein SMS med eigen link til bestilling. Desse kan bestille seg time til vaksinering i fyrste omgang til onsdag 30. juni.

Til info fungerte ikkje denne linken optimalt i helga, då det visar seg at Kviteseid kommune ikkje ligg inne når ein skal velje kommune, og dermed er det ikkje mogleg å bestille nokon time heller. ReMin jobbar med å løyse saka, og me håpar det er i orden i løpet av dagen i dag. 21.06.21. 

De andre som ventar på dykkar tur, så kjem det no ein SMS, slik at de kan bestille time etter kvart. I veke 26 reknar me med at alle i prioriteringsgruppe 8, det vil sei alle i alderen 55-64 år, har fått tilbod om si fyrste dose med vaksine.

I veke 27 vil alle i alderen 45-55 år bli innkalla til vaksinering. Me startar med dei som er født i 1966, og jobbar oss nedover i aldersgruppene.

Med beste helsing                                                                                                                                                       

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?