Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Drift av legekontor i sommar

I veke 29, 30, 31 og 32 vil vi ha samdrift med legekontoret i Seljord.

Dette betyr i praksis at:

  1. Legane flyt fysisk til Seljord og vil ta imot pasientar der.
  2. Adresse til Seljord helsesenter er:
    Ingrid Slettens veg 16
    3840 Seljord
  3. Legekontoret i Kviteseid har kun ope for covid-19 testing og enkelte blodprøver.
  4. Telefon til sentralbordet på legekontoret fungerer som normalt. Telefonnummer 350 68 250.
  5. Tilsyn på KOS vil bli gjennomført på vanleg måte gjennom sommaren.
  6. Helsestasjonen vil ha tilgjengeleg lege til avtalte timar i sommar.
  7. Covid 19 - vaksinering skjer som vanleg i Kviteseidhallen.

Frå veke 33 (16.08.21) er vi tilbake i normal drift og ser fram til igjen å ta imot pasientane våre på legekontoret i Kviteseid.

God sommar!

Helsing 

Lill Iren Djuve
Einingsleiar 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?