Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Influensavaksinering av personar i risikogruppa

Det vert influensavaksinering for risikogrupper på helsesenteret i Kviteseid i uke 42. Influensavaksinering for personar i risikogruppe i kommunal regi er gratis. 

Personar i risikogruppa som bur eller har fastlege i Kviteseid kan få vaksine i Kviteseid.  Alle må bestille tidspunkt på førehand på telefon 35 06 82 50.

Dei som kan ta kontakt for vaksine i veke 42 er:

  • Alle frå og med fylte 65 år
  • Born og vaksne med:
    • diabetes type 1 og 2
    • kronisk lungesjukdom, hjerte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
    • nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (til dømes kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
    • svært alvorleg overvekt (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
    • gravide etter 12.svangerskapsuke (2. og 3. semester). Gravide i 1. semester med anna tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.

 I tillegg anbefalast influensavaksine til:

  • Personar som bur saman med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris

Det blir vaksinering i stort lokale for fleire samtidig, så det er viktig at dei som skal vaksinerast enkelt kan skaffe seg ein bar overarm. Helsepersonell med pasientkontakt som arbeider i Kviteseid kommune vil få tilbod om vaksinen på andre tidspunkt.

Sjå video frå FHI under:

Vaksne med tilstandar som gjer økt risiko for influensa sjukdom anbefalast influensavaksine:  https://vimeo.com/showcase/8567455/video/566995813 Lenke til et annet nettsted.

Barn og unge med økt risiko for influensasjukdom anbefalast influensavaksine: https://vimeo.com/showcase/8567455/video/466086498 Lenke til et annet nettsted.

Her kan du lese meir om kvifor det er lurt å ta vaksine mot sesonginfluensa.  Word, 19 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?