Informasjon om vidare arbeid med Korona

Kviteseid kommune har bestemt at det vidare arbeidet med koronapandemien blir handsama i kommunen sin ordinære organisasjon.
Kommunen vil ikkje lengre varsle om eventuelle smittetilfelle når dei opptrer i liten skala. Vi vil heller ikkje informere om vekestatus  på vaksinasjon. 

Samfunnet er no i ein normalsituasjon, og reglar for karantene og testing har endra seg. Organisasjonen tek seg av tilfelle som oppstår, smittesporing, testing m.m. ut frå nye reglar. 

Er du interessert i oppdaterte tal om status på vaksinasjon og smitta, også i Kviteseid, finn du all informasjon på heimesidene til Statsforvaltaren, sjå lenke: https://fylkesmannen.maps.arcgis.com/apps/dashboards/0afb5b5e4a9746d5a16530f7bdd3bdad Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?