Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Søke om tilskot til inkludering av barn og unge?

Kviteseid kommune har meldt seg på ordninga "Tilskot til inkludering av barn og unge". Offentlege instansar, friviljuge organisasjonar og private aktørar kan søke.
Søknadsfrist: 17.12.21. 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og deltaking i samfunnet. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. 

Her finn du lenkje til fullstendig utlysingstekst og innlogging til søknadsprotalen.  Lenke til et annet nettsted.

Her finn du lenkje til Bufdir si informasjonsside om ordninga.  Lenke til et annet nettsted.

Ta kontakt med kommunalsjef skule og barnehage, Ingunn Haugland, om du har spørsmål kring søknadsprosessen. 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?