Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Reguleringsplanen Orreleikåsen - Offentleg ettersyn

I medhald av pbl § 12-10 vedtok formannskapet 25.11.21 (sak 132/21) å legge forslag til reguleringsplan, detaljregulering for Orreleikåsen ut til offentleg ettersyn.

Planen viser m.a. byggeområde for 2 eksisterande og 129 planlagde tomter for fritidsbustader, tilrettelagt for kommunal v/a-løysing og med bilveg til kvar tomt.

Reguleringsplanen ligg til off. ettersyn på kommunehuset i tidsromet 10.12.21 - 01.02.22. Eventuelle merknader sendast til: Kviteseid kommune v/Interkommunalt plankontor, Treungvegen 398, 3855 TREUNGEN, eller som e-post til: info@nissedal.kommune.no  innan 01.02.22.

Meir informasjon om reguleringsplanen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?