"Gyda" kjem!

Meteorologisk Institutt melder om kraftige vindkast frå onsdag kveld 12.01.22 til fredags morgon 14.01.22.

Frå hendinga før jol har me erfaring med at den kraftige vinden kan gje oss store utfordringar. Det vil difor vera viktig å sikre lause gjenstandar, unngå unødig ferdsel på utsette stader. Straumforsyning kan bli påverka som fylgje av tre som knekk eller kjem over straumnettet og enkelte vegar kan bli stengt grunna tre eller andre objekt i vegbanen.
 

Kommunen har fokus på beredskapen. Blir det straumbrot/kommunikasjonsproblem slik at ein ikkje får kontakt med legevakt, kan innbyggjarane i Kviteseid reise til Kviteseid omsorgssenter om det er akutt behov for helsehjelp på kveld- og nattetid. På dagtid vil legekontoret vera bemanna som normalt.

Fylg med på vervarselet på varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Råd om kva som kan vera lurt å forberede seg på heime finn du her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Med helsing 

Beredskapsleiinga

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?