Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Utlysing av Eivind Berges legat

Eivind Berges legat skal gå til ungdom frå Morgedal. Er dette aktuelt for deg, eller kjenner du noko dette er aktuelt for? Søknadsfrist er 01.02.22.

Eivind Berges legat går til ungdom under 30 år frå Morgedal som går på vidaregåande skule eller tek høgare utdanning. Det er nå høve til å søkje på legatet for skuleåret 2021-2022. Resterande beløp i legatet vil bli fordelt likt på kvalifiserte søkjarar, inntil 5000,- kr. pr. søkjar. Søknad saman med dokumentasjon på skulegang/studium sendast til Kviteseid kommune på post@kviteseid.kommune.no

Søknadsfrist: 01.02.22

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?