Nye reglar for testing og karantene frå 26.01.22
Frå og med 26. januar vil karanteneplikt for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære bli erstatta med testing.
Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast med:
- dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
- Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære som ikkje kan halde avstand til den smittede i isolasjonsperioden kan erstatte smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i den smittedes isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjelder også barn.
- I tillegg til testregime er det anbefala å bruke munnbind innandørs på offentleg stad og unngå store samankomster og arrangementer i 10 døgn etter nærkontakten. Anbefaling om å bruke munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, barn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruke munnbind.
- Følg med på eventuelle symptomar i heile perioden.
- Ved symptomar skal ein helde seg heime og teste seg.
- Dei nye reglane vil frå dei trer i kraft også gjelde for dei som er i karantene på det aktuelle tidspunktet. Det betyr at testregime også gjeld for dei.
- Personar som ikkje følger testregimet må være i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidlegast 7 døgn etter siste nærkontakt.
- Personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månadane er unntatt frå smittekarantene. I tillegg vidarefører ein dei særskilte unntaka som gjeld for bl.a. personell i kritiske samfunnsfunksjonar.
Sjølvregistrering av positiv hurtigtest i Remin
Du må no sjølv registrere positivt hurtigtest i e-helseverktøyet Remin Lenke til et annet nettsted.
Endring i rutinar for PCR test
Personar som har tatt tre vaksinedoser (oppfriskingsdose/"boosterdose"), eller som har to vaksinedoser og gjennomgått covid-19 i løpet av dei siste tre månadane, treng ikkje ta PCR test etter positiv hurtigtest.
Er du i tvil om du treng å ta PCR test, til dømes i forhold til koronapass, ta kontakt med Kviteseid legekontor.
Sist oppdatert