Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Reguleringsplan Stemnetten - Offentleg ettersyn

I medhald av pbl § 12-10 vedtok formannskapet 03.02.22 (sak 005/22) å legge forslag til reguleringsplan, detaljregulering for Stemnetten ut til offentleg ettersyn. 

Planen viser m.a. byggeområde, 134 dekar for 148 planlagde tomter for fritidsbustader, og 30 dekar for leileghetsbygg, tilrettelagt for kommunal v/a-løysing og med bilveg til kvar tomt. Til planen er det også utarbeidd ei Sti og løypeplan for skisenteret (sak 006/22), som dokumentasjon til planforslaget. Også denne planen er tema i høyringsrunden.

Reguleringsplanen ligg til off. ettersyn på kommunehuset i tidsromet 18.02. - 05.04.22. Eventuelle merknader sendast til: Kviteseid kommune, v/Interkommunalt plankontor, Treungvegen 398, 3855 TREUNGEN, eller som e-post til: info@nissedal.kommune.no  innan 05.04.22.

Meir informasjon om reguleringsplanen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Kommunedirektøren

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?