Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Kulturpris 2022 og ungdommen sin idretts- og kulturpris 2022

Kviteseid kommune har kulturpris som kan delast ut kvart tredje år. Prisen skal delast ut i år. Kulturprisen er på kr 10 000, og kan delast ut til einskildpersonar, grupper eller lag i Kviteseid.

Retningliner finn de her

Ungdommen sin idretts- og kulturpris kan delast ut til personar, lag eller grupper for ein prestasjon/prestasjonar som har nådd stor regional merksemd eller alminneleg nasjonal merksemd.

Ved spørsmål, ta kontakt på tlf. 35 06 81 00 eller epost: post@kviteseid.kommune.no

Frist for innsending av forslag er 15. mars. 2022

til post@kviteseid.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?