Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Høyring om endring i skulestruktur - utsatt høyringsfrist til 03.06.2022

På grunn av problem med utsending, har høyringsfristen blitt utsatt til 03.juni

Kviteseid kommunestyre har i møte 09.12.21 i budsjett og økonomiplan føreslege at skulen ved Brunkeberg oppvekstsenter skal leggast ned frå skuleåret 2023 -24. Ei slik strukturendring krev ein prosess som gjev involverte partar høve til å uttale seg. Saka er nå lagt ut på offentleg høyring. 

Høyringa gjeld nedlegging av skuletilbodet i Brunkeberg, medan tilbodet om barnehage framleis blir oppretthalde.

Høyringsperioden er sett til åtte veker. Høyringsfristen er 03.06.22. Alle har høve til å koma med høyringsinnspel, både lag- og organisasjonar og privatpersonar.

Kviteseid kommune vil invitere til ope møte om saka i Brunkeberg i løpet av april. Dette vil bli annonsert på Kviteseid kommune si heimeside.

Høyringsuttale skal sendast til post@kviteseid.kommune.no eller i vanleg post til:

Kviteseid kommune, Kviteseidgate 13, 3850 Kviteseid

Når høyringsfristen er ute vil mottekne innspel verta vurderte, og Kviteseid kommunestyre vil gjera endeleg vedtak i saka.

Her finn du høyringsnotatet.  Pdf, 986 kB, åpnes i nytt vindu.

Med helsing 

Erling Laland
Kommunedirektør 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?