Påfyll av vaksine til deg som er 75 år eller eldre

Frå 1. juli 2022 anbefalar Folkehelseinstitutet (FHI) oppfriskningsdose til alle > 75 år. Er du fødd i 1947 eller før anbefalast det no at du vaksinerer deg.
Folkehelseinstituttet (FHI) har meldt at gjennomgått omikroninfeksjon ser ut til å gje ein lågare grad av immunitet samanlikna med tidligare variantar. Det same gjeld om det har gått lang tid etter siste vaksine. Tidligare er det alle over 80 år som har fått tilbod om ei slik dose.
Hugs at det må ha gått minimum 4 månadar etter siste vaksine.
Du må ringe og bestille deg time sjølv på tlf.: 350 68 264 eller 971 76 454. Evt. kan du gå inn på ReMin via linken:https://timebestilling.remin.no/kviteseid Lenke til et annet nettsted..
Her ligg det timar tilgjengeleg i veke 27 og 28.
Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator
Sist oppdatert