Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Bandtvang

Utvida bandtvang i Kviteseid og Nissedal kommune:

Kviteseid og Nissedal kommune vedtok i 2015 lokal forskrift om utvida bandtvang i den tida  bufe normalt går ute, frå og med 21. august til 20. oktober jamføre § 6e i hundelova.

I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal alle hundar haldast i band eller forsvarleg inngjerda eller innstengt jamføre § 6 i hundelova. 

Unntak frå sikringsreglane ( bandtvangsreglane ):

  • Dresserte bufehundar når dei brukast til å vokte storfe, sau eller geit.
  • Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og eller redningstjeneste eller under trening eller prøving for slik teneste.
  • Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter skada eller vilt.
  • Hund når den brukast for jakt, jakthundtrening og jaktprøver kan sleppast på ein aktsom måte slik det er naturleg ut frå bruksformålet, frå og med 21. august til 1. april når dette ikkje er i strid med viltlova.

Se og hundelova her. Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?