Her kan lag og organisasjonar søkje støtte til kulturtiltak for ukrainske flyktningar

Norsk Musikkråd har ei støtteordning som varer ut året. Sjå her: https://tv.nrk.no/se?v=DKIN98080522&t=154s Lenke til et annet nettsted.
Det er godt med pengar att i denne ordninga, som støttar kulturtiltak for ukrainske flyktningar.
Kulturkveldar har vore suksess hos andre, og krev ikkje eit langsiktig forplikting, så det kan jo anbefalas. Samarbeid mellom kommunen og frivillige lag anbefalas også, då de veit kor mottakarane er og korleis få kontakt med dei.
Å invitere til øvingar, med utgifter til tolk og ekstraarbeid for dirigent dekt, er også aktuelt.
Songtradisjonen er sterk i Ukraina, og nedst ligg lenke til prosjektside med bl.a. ukrainske songar.
Delar av potten er meir generell, så ein kan også lage noko som er opent for andre flyktningar. Enkel søknad, rask behandling. Prosjektansvarleg Mari Romarheim Haugen svarar på spørsmål: inkludering@musikk.no
Helsing Ingebjørg Reinholdt
i Vestfold og Telemark Kulturnettverk
https://www.musikk.no/prosjekt/ukraina Lenke til et annet nettsted. - her kan du finne inspirasjon, informasjon, noter og ressursar
Sist oppdatert