Innsamling av avfall
Endra hentefrekvens på avfall
Frå februar 2020 er hentefrekvensen på avfallet hjå kvar abonnement endra, kvifor?
Sjå www.renovest.no Lenke til et annet nettsted. for meir info.
Økonomisk vekst og forbruk gjer at avfallsmengda held fram med å vakse i Norge. Målet er å produsere mindre avfall, samtidig som vi utnyttar ressursane betre.
EU vedtok i 2018 eit nytt avfallsregelverk Lenke til et annet nettsted. som inneberer at materialgjenvinning for hushaldsavfall og avfall frå næringslivet skal aukast til 65 % i 2035. Følgeleg har Klima- og miljødepartementet utarbeida eit forslag til forskriftsregulering
Lenke til et annet nettsted. av krav til utsortering og materialattvinning av biologisk avfall og plastavfall.
Prinsippa
I avfallspyramiden grunngjev ein grunnprinsippa for avfallskretsløpet.
- Øvst står prinsippet om avfallsreduksjon– det å produsere mindre avfall.
- Punkt nummer to er attvinning/ombruk– det å bruke ting på nytt.
- Det tredje punktet handlar om materialattvinning– det å lage nye ting med brukt materiale.
- Fjerde prinsipp handlar om energiattvinning– det å brenne og utnytte restenergien positivt (for eksempel varmen).
- Det siste punktet, punkt fem, handlar om deponering– det å legge avfallet på dynga, eller andre forsvarlige oppbevaringsstader
Basert på dei overordna måla og nasjonale føringar har vi valt å endre tømefrekvensen på restavfall og papp/papir til tredje kvar veke. Vi utvidar henteordninga med ein fraksjon glas-/ metallemballasje, og erstattar den gule plastsekken for innsamling av emballasjeplast med dunk. Har du ekstra mykje papp/papir, kan dette leverast gratis på gjenvinningsstasjonane. Du kan og sette igjen pappemballasjen i forretninga når du kjøper noko.
Kjeldesorterer du avfallet ditt godt, vil restavfallet gå ned, dette viser plukkanalyser som er utført.
Sist oppdatert