Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Ny oppfriskningsdose mot korona

Ny oppfriskningsdose mot korona

Regjeringa har beslutta å følge Folkehelseinstituttet sitt råd og anbefalar ny oppfriskningsdose til personar som er 75 år og eldre. I tillegg bebuarar på sjukeheimar.

 

Vaksineanbefalingar for våren 2023:

• Ny oppfriskningsdose anbefales til personer 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheimar.

• Ei ny dose vil vera særleg aktuell for dei som ikkje tidlegare har gjennomgått SARS-CoV-2-infeksjon, og for dei som har ein eller fleire underliggande risikofaktorar.

• Det bør ha gått meir enn 6 månedar sidan forrige dose.

 

Du må sjølv ringe å bestille deg time til vaksinering. Du blir ikkje kontakta av vaksinekoordinator som tidlegare. Me set fortløpande opp timar på helsestasjonen i Kviteseid.

For bestilling av time ringer du: 350 68 264 eller 971 76 454.

 

Med beste helsing

Tone M. Heggtveit, Vaksinekoordinator

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?