Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid treng dine innspel til reiselivet

Reiselivet i Vest-Telemark arbeider for å kvalifisere seg til merkeordninga Berekraftig reisemål, og vil vite kva du meiner om reiselivet.

Kjære innbyggjar i  Kviteseid!

 

Me ønskjer ei reiselivsnæring som gjev positive verknader for lokalsamfunnet vårt og regionen vår.

Vest-Telemark skal vere ein god stad å bu, og ein god stad å besøkje – i dag og i framtida.

 

For å få til den utviklinga me ønskjer saman, er di meining viktig!

Bruk lenka eller QR-kode for å kome til undersøkinga:

https://response.questback.com/visittelemark/innbyggjar2023 Lenke til et annet nettsted.

________________________________________________________________________

Reiselivet i Vest-Telemark arbeider for å kvalifisere seg til merkeordninga Berekraftig reisemål Lenke til et annet nettsted. for fyrste gong.

Som ein del av merkeordninga blir det utført innbyggarundersøking for å kunne få viktig informasjon om innbyggjaren si oppleving av reiselivet i kommunane.

Vest-Telemarkrådet Lenke til et annet nettsted. eig prosjektet, og Visit Telemark Lenke til et annet nettsted. er prosjektansvarlege. Alle dei seks kommunane i Vest-Telemark (Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke, Vinje) har fatta vedtak i kommunestyra om å vere ein aktiv bidragsytar for å kvalifisere til Merket for Berekraftig reisemål. Styringsgruppa består av representantar frå kommunane, reiselivsnæringa, næringslivet, frivillig sektor og destinasjonsselskap.

 

 

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?