Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Teknisk svikt - bekymringsmeldingar til barnevernet

Det har vore ein teknisk svikt hos Visma som har ført til at bekymringsmeldingar meldt til enkelte barnevernstenestar gjennom Nasjonal portal for bekymringsmeldingar har forsvunne. Kommunane som høyrer til Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark, og barnevernet sjølv er informert om situasjonen. Teknikarar jobbar med å finne ut om Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark er råka. Vi vil kome tilbake med meir informasjon når situasjonen er avklara. Visma har no endra løysinga, og det er trygt å sende bekymringsmeldingar til barnevernet via portalen. De finn skjemaet inne på kommunane si heimeside.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?