Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Fyringsforbod

Brannsjefen i Vest-Telemark-brannvern IKS har den 16.06.2023 med hjemmel i lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff og om brannvesenets redningsoppgåver (brann- og eksplosjonsvernloven) § 5, jf. forskrift 17. desember 2015 nr. 1710 om brannforebygging § 3 fjerde ledd, jf. selskapsavtala § 5.

Forbuda gjeld innanfor kommunegrensene til Nissedal, Fyresdal, Tokke, Vinje, Seljord og Kviteseid kommune.                                               

Det er forbudt å gjere opp ild som å brenne bål, bruke grill, stormkjøkken, andre kokeapparat, bålpanner og anna brenning med fast brensel (ved, kol, brikettar, gras, greiner o.l.) i skog og anna utmark, samt innmark med unntak av grilling i eigen hage, på parkeringsplassar, skulegardar og idrettsplassar som ikkje er i eller i nærleiken av skog og anna utmark.

Forbodet om å gjere opp ild i fyrste ledd gjeld også sankthansbål og tilrettelagte bål- og grillplassar.

Forskrifta trer i kraft 16.06.2023 kl. 14.00. Forskrifta gjeld inntil vidare, men ikkje lengre enn til og med 31.07.2023.

Dersom skogbrannfara blir vesentleg redusera og forskrifta blir oppheva vil det bli kunngjort på kommunane sine heimesider.

Les heile forskrifta her Pdf, 143 kB, åpnes i nytt vindu.


Mvh
Vest Telemark brannvern IKS

 

Torbjørn Lia
Brannsjef

Tlf : 97 66 19 11
E-post : torbjorn.lia@vtbv.no

 


Bilete1.png

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?