Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Vi har gleda av å invitere deg som er føresett til barn og unge i Kviteseid kommune til eit supernyttig møte!

1. februar 2024, kl. 18:00 på Sundvang, Kviteseid


Seksjonsleiar frå RUSinfo, Sturla K. Naas Johansen, kjem for å snakke om desse tema:

  • Ungdom og rusbruk med vekt på Vest-Telemark 
    (Ungdata + lokal spørjeundersøking o.l.)
  • Foreldrerolla i et forebyggande perspektiv
    «Korleis snakkar du med barnet ditt om rus?»

Tonje Nordli, «Er du salgbar»:

Tonje Nordli kjem for å snakke om ungdom og sosiale media. 
Ho  kallar foredraget sitt «Er du salgbar?»

Tonje har jobba over 15 år med ungdom og psykisk helse, både i barnevern, incestsenter og skuleverket. Ho har stor kunnskap om kva som finnast av sosiale plattformar. 

Korleis nyttas dei? Kva er konsekvensane? Kva er det ungdommen opplever på sosiale media? Du vil få mange historier frå verkelegheita, og det er ei verkelegheit som er ganske så fjern for mange av oss vaksne. 

Ho har ei unik evne til å formidle på en lettfatteleg og engasjerande måte, du vil ikkje angre på at du brukte litt tid på dette foredraget, dette er lærerikt! Målet hennar er ei bevisstgjering, og ei haldningsendring til kva vi gjer, og kva vi vel å ikkje gjere.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?