Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Sommarhelsing frå ordføraren

Ta godt vare på kvarandre i sommar også.

Ei sommarhelsing

No er sommaren her, og me har fått kjent på nokre fine dagar allereie. 

Alle har rett på sommarferie, men nokre må halde hjula igang i kommunen vår med å utsette, eller kanskje stykke opp ferien. Slik er det på alle arbeidsplassar. Ein spesiell takk til dei. 

Uti august møtast me att. Då har me forhåpentlegvis fått "lada opp batteria" og kan møte hausten med godt mot. 

Ta godt vare på kvarandre i sommar også. Kjenner du nokon som treng ei ekstra oppmuntring, så følg "magafølelsen". Ofte er den rett. 

God sommar.

 

Beste helsing

Tarjei Draugedal 

Ordførar

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?