Oppdatering og relansering av heimesida.

Kviteseid har fått nytt design og ny leverandør av heimside. På grunn av dette kan det vere at ting er flytta, ikkje kome med enda eller er endra. Vi ber om forståelse for dette. Trykk les meir om du har spørsmål.

Les mer om Oppdatering og relansering av heimesida.

Høyringsrunde - Skulereglar ved Kviteseid skule

1.august 2024 kom det opplæringslov, der omgrepet ordensreglar blei bytta ut med skulereglar, med eit større fokus på elevar medverking til eiga kvardag. 

I forbindelse med den nye opplæringslova har kommunen fått ei skjerpa plikt til kunngjeringar og høyringar av lokale forskrifter. 

I den samanheng sender vi nå ut dei nye skulereglane på ei pffentleg høyring, der alle som ønskjer kan kome med innspel.

Høyringsfristen er satt til 07.01.2025

Alle har høve til å koma med høyringsinnspel, både lag- og organisasjonar og privatpersonar. 

Høyringsuttale skal sendast til post@kviteseid.kommune.no eller i vanleg post til: Kviteseid kommune, Kviteseidgate 13, 3850 Kviteseid Når høyringsfristen er ute vil mottekne innspel verta vurderte, og Kviteseid kommunestyre vil gjera endeleg vedtak i saka

 

Lenke til dei nye skulereglane: Skulereglar for Kviteseid skule - 2024.pdf Lenke til et annet nettsted.

 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?