Kommunen etablerer, driftar og held ved like offentlege avløpsanlegg (avløpsnett, avløpsanlegg og utsleppsinnretning). Føremålet er å samle opp avløpsvatn, transportere vatnet til eigna reinseanlegg og sleppe det reinsa vatnet ut i ein vassførekomst. Anlegget skal førebyggje ureining av miljøet og hindre overfløyming. Avløpsvatn tyder her vatn frå bustader og næringsliv, dvs. både sanitært og industrielt avløpsvatn, og overvatn/drensvatn. Kommunen har ansvar for utslepp frå det offentlege avløpsanlegget. Kommunen rapporterer utsleppsdata til Fylkesmannen via KOSTRA (det internettbaserte systemet til Statistisk Sentralbyrå). Utsleppsdataa viser mellom anna i kva grad avløpsreinseanlegget følgjer reinsekrava.

Er du knytt til det offentlege leidningsnettet for avløp blir avløpsvatn (kloakk) frakta i eit lukka leidningsnett frå huset/hytta di. Gjennom naturleg fall og/eller pumpestasjonar blir avløpsvatnet frakta til eit reinseanlegg. Kviteseid kommune har 3 reinseanlegg: i Kviteseid sentrum, i Morgedal og i Vrådal. I tillegg har med eit mindre reinseanlegg på Brunkeberg.

Det blir jamleg teke prøver frå anlegga for å sikre at resultata er innafor dei krav som er stilt.

Overvatn (til dømes frå tak og vegar) er ei utfordring då dette er vatn som ikkje skal inn på avløpsnettet. Mykje framandvatn på avløpsnettet kan føre til overløp frå pumpestasjonar og forstyrre reinseprossess på reinseanlegga. Private må syte for at eige overvatn ikkje vert overført til avløpsnettet. Om du har mistanke om anna framandvatn som kjem inn på avløpsnettet frå eigedomar eller vegar bør du kontakte teknisk drift.

Vasslekkasjar er ein viktig årsak til store skader i hus og hytter. Her er nokre gode råd, utan at desse er uttømande:   

  • Ved nybygg og oppussing er det viktig å fylgje dei krav som er sett til våtrom
  • Syt for at alle i husstanden veit kor hovudkrana i huset er plassert og korleis den verkar.
  • Steng hovudkrana når du er bortreis i lengre tid.
  •  Installer gjerne eiga kran på oppvaskmaskina og bruk krana aktivt. Det er og ein god regel å stenge  vasskrana for vaskemaskina når maskina ikkje er i bruk.
  • Unngå å bruke oppvaskmaskin og vaskemaskin når du ikkje er heime eller vaken. Dette gjeld særleg i rom utan sluk.
  • I kuldeperiodar der det er fare for frost bør du vere særleg aktsam, så som: Syt for at rom der det er rør eller vassinstallasjonar har varme. Er røra tilgjengelege bør du inspisere ved visse mellomrom.
  • Forsikringsselskap og andre sel ulike typer sikringsutstyr som i noko tilfelle og gjev rabatt på husforsikringa di.   

Har du røyr som er frosne bør du kontakte røyrleggar dersom du ikkje får tina opp røyret ved å varme opp romet. 
 

Tette avløp er og ei kjelde til skade og irritasjon, enten det er heime eller på det offentlege nettet. Bidrag du kan gjere sjølv er:

  • Ikkje kast framandlegeme i avløpet. Klutar, sanitetsbind mv kan tette til og skal derfor ikkje i avløpet.  
  • Unngå store mengder fett i avløpet. Tips: Har du steikt ribba, og ikkje tenkjer å bruke fettet, la fettet stivne i panna og tørk det i hovudsak bort med papir som du kastar i søppeldunken.  
  • Syt for at sluk og vasslåsar frå tid til anna blir reingjort.   

Får du problem med vasslekkasje eller tett avløp må du normalt ta kontakt med røyrleggar. Trur du at problemet skuldast tilhøve på det offentlege nettet kan du ta kontakt med Teknisk drift. 


Graving i grunn:

  • Ved graving i grunn i Kviteseid kommune må ansvarleg utførande entreprenør/grunneigar gjere seg kjent med kommunale vassleidningar, spillvassleidningar og overvassleidningar som kan ligge i grunn. Kartinformasjon kan hentast hos Teknisk drift i Kviteseid kommune.
  • Ansvarleg utfarande/grunneigar er erstatningspliktig for eventuell skade som blir påført kommunens leidningsnett ved graving i grunn.
  • Om det skal utførast graving på kommunens grunn skal det søkjast om graveløyve. Dette skjema finn ein på kommunens nettsider under skjema: Skjema


Bustader og verksemder må vere kopla til eller skal koplast til det offentlege avløpssystemet ved privat stikkleidning til hovudleidning. Kommunen kan gjennom enkeltvedtak krevje rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Pris:
Prisen for å kople seg til og nytte det offentlege avløpsnettet blir fastsett av kommunestyret.

Brosjyrer:
Tekniske normer for vatn og avløpsanlegg

Lovar og retningsliner:
Plikta til å vere kopla til eit offentleg avløpssystem går fram av § 27-2 i Plan- og bygningslova.
Sjå § 22 i Ureiningslova om krav om rehabilitering av private stikkleidningar for å hindre ureining.

Plan- og bygningsloven
Forskrift om miljørettet helsevern
Forskrift om begrensing av forurensing (Ureiningsforskrifta)
VA forskrift for Kviteseid
Kommentarer til forurensningsforskriftens kapittel 12: Krav til utslipp av sanitært avløpsvann fra bolighus, hytter og lignende


Høve til å klage:
Der kommunen gjer eit enkeltvedtak (pålegg om tilkopling etter plan- og bygningslova, rehabilitering), kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.