costegning

Tryggleikssirkelen

Det er ei målsetting i prosjektet at alle som jobbar med barn og unge i Kviteseid kommune har same faglege tilnærming til arbeidet. Det er tryggleikssirkelen, også kjent som Circle og Security (COS), som er vår felles plattform. Under finn du lenkjer til meir informasjon om tryggleikssirkelen. 

Forebygging.no
Tryggleikssirkelen som verktøy i tilvenningsperioden

NYTT 24.06.21 Nyheitsbrev

Nettressursar

- Ynskjer du å lese meir om bakgrunnen og målsettinga med prosjektet? Her finn du informasjon. 
- Korleis skal ein snakke med barn og unge om det som kan vera vanskeleg? Her finn du råd og øvingsmateriell. Snakkemedbarn.no

Arbeidsgruppa

Prosjektet er organisert med ein prosjektleiar og ei arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa møtast ca. ein gong i månden, og er gjennom drøftingar med på å sette retning for prosjektet. Kva er viktigast at vi tek tak i i Kviteseid kommune? Arbeidsgruppa er også med på å planlegge ulike samlingar med opplæring for ulike grupper av tilsette i kommunen. Av og til inviterer arbeidsgruppa gjester til møtet for å drøfte spesielle tema. 
I tillegg til arbeidsgruppa, blir fleire instansar i kommunen også invitert til å bidra t.d. gjennom spørjeundersøkingar, ved besøk av prosjektleiar eller gjennom ulike samlingar. 

Arbeidsgruppa er sett saman av fagpersonar frå skule/barnehage og helse: 

Prosjektleiar: Ingunn Haugland - Kommunalsjef skule og barnehage
Torill Bruhaug - Sosiallærar Kviteseid skule 
Sigrun Kvamme - Rektor 
Eva Lundeberg - Styrar Kviteseid barnehage 
Tone Martinsen Heggtveit - Helsesjukepleiar 
Ingunn D. Birkeland - Psykisk helse barn og unge 
Kristin Brekke Moore - Psykisk helse barn og unge 
Elin Aabø - Ruskonsulent