Vest-Telemark brannvern IKS er ein organisasjon som er eigd av dei 6 kommunane i Vest-Telemark.
Kommunane har om lag 14 000 innbyggarar.


Vest-Telemark brannvern IKS har som hovudoppgåve å utføre førebyggande arbeid på §13 objekt som er lokalisera i regionen. Samt feiing og tilsyn med bustader og fritidsbustader i same region.Vi er i dag 11 tilsette; 8 feiarar ,1 brannsjef, 1 leiar førebyggande og 1 branninspektør som også har ansvar for skogbranntroppen i Vest-Telemark. Beredskapen er styrt frå den enkelte kommune.

Vår brannsjef går av med pensjon frå 01.09.20 og vi søkjer derfor hans etterfylgjar.

Ansvar og hovudoppgåver:

  • Øvste dagleg leiing for Vest- Telemark brannvern IKS.
  • Personal og leiar ansvar.
  • Økonomi og budsjettansvar.

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule. Lang erfaring (minimum 5 år) frå liknande stillingar kan kompensere for kravet.
  • Leiarerfaring.
  • Gjennomført beredskaps utdanning trinn III.
  • Fagkompetanse innan brann, beredskap, redning og førebyggande arbeid.
  • Kvalifikasjonar må utover dette tilfredstille krav i høve til forskrift om dimensjonering kap.7 §7-11.

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som:

  • Evne til å forstå politiske prosessar.
  • Evne å ta gode avgjersler under press.
  • Tillitvekkande og truverdig.
  • Visar initiativ og tek ansvar.
  • Er ein god og tydeleg personalleiar som evner å motivere og vise retning for  medarbeidarane.
  • Har fokus på tenesteutvikling.
  • Kan kommunisere godt skriftleg og munnleg, både eksternt og internt. Skriftspråket er nynorsk.
  • Samarbeide godt med andre.

Vi tilbyr :

  • Ei sjølvstendig  stilling og eit vidt arbeidsfelt.
  • Spennande arbeidsoppgåver med gode utviklingsmoglegheitar.
  • Lønn etter kompetanse og kvalifikasjonar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger.

Generelle opplysningar:
Me ynskjer å vera ein representant for mangfoldet i befolkningen, og vil derfor oppfordre alle kvalifiserte kandidatar til å søkje hjå oss. Iflg.offentliglova §25 plikter arbeidsgivar å gjera søkjarar kjent med at opplysningar om søkjarar kan bli offentliggjort. Det må søkast om fritak for offentliggjering.
Eventuelle vitnemål og attestar kan leggast inn som vedlegg til søknaden.
Til stillinga krev det at den som vert tilsett kan vise til politiattest av nyare dato.
Har førarkort for minst klasse B, og kode 160, eller at ein tileignar seg kode 160 etter tilsetjing.

Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Tore Metveit på 970 16 957 / tore.metveit@vtbv.no eller styreleiar Magnhild Ek Brynilsen  473 13 130.

Søknaden sendast: tore.metveit@vtbv.no eller til Vest-Telemark brannvern IKS, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo.

Velkommen som søkjar!

Søknadsfrist: 27.08.2020