Skulen legg vekt på tverrfagleg samarbeid og gode, trygge relasjonar mellom barn og vaksne. I løpet av året gjennomfører skulen ulike tverrfaglege prosjekt og dei samarbeidar tett med barnehagen om overgang frå barnehage til skule. Alle lærarar og elevar har læringsbrett og brukar desse aktivt i undervisninga. 

Barn ute vinter

Skulefritidsordning (SFO) og leksehjelp

SFO er eit tilbod til alle elevane på 1.-4. trinn. SFO skal vera ein stad for leik og læring, og SFO legg til rette både for frileik inne og ute og organiserte aktivitetar. SFO serverer eit måltid kvar dag. På onsdagar, som er heildagstilbod på SFO, er SFO for alle elevar i kommunen på Kviteseid skule. 

Opningstider for SFO

Måndag - tysdag: 

Onsdag: 07:30-16:45 (på Kviteseid skule)

Torsdag-fredag: 

Leksehjelp, for elevane som melder seg på dette, er i SFO-tida. Leksehjelp er eit tilbod til elevar på 2.-4. trinn. Leksehjelp er eit gratistilbod. 

Du søkjer om plass på SFO i Visma foreldreportal. Denne finn du her: Innlogging Visma foreldreportal. Du loggar inn via ID-porten. Ta kontakt med skulen eller SFO om du har spørsmål kring dette. 
Søknadsfrist for hovudopptak er 1. april. Alle søknadar vil bli handsama etter fristen. 

Frå 01.08.20 har det kome to moderasjonsordningar i SFO. Dei eine er for barn på 1. og 2. trinn. Då skal ein ikkje betale meir for ein SFO-plass enn 6 % av hushaldninga si samla inntekt. Den andre moderasjonsordninga gjev gratis SFO for barn på 5.-7. trinn med særskilte behov. Du kan lese meir om ordningane her. 
Dersom du ynskjer å søkje på ordningane, sender du søknad med dokumentasjon på inntekt (gjeld ordninga for barn på 1. og 2. trinn) til rektor Sigrun Kvamme.