LEDIG STILLING

Ved eining for funksjonshemma er følgjande stilling ledig:

Aktivitør/helsefagarbeidar i inntil 100 % fast stilling ved Krodokk dagsenter/Lundenjordet bufellesskap, med oppstart 02.09.24.

 

80 % av stillinga vil vera dagtid på Krodokk dagsenter, medan resterande prosent opp mot

100 % vil vera 3. kvar (kortvakter) eller 4. kvar (langvakter) helg ved Lundenjordet bufellesskap.

 

Arbeidsoppgåver:

· Aktivitetsmedarbeidar: Organisere og gjennomføre varierte og morosame aktivitetar som får fram smil hjå våre brukarar.

· Sosial sommarfugl: Skape eit trygt og inkluderande miljø der alle kjenner seg sett og høyrd.

· Problemknusar: Handtere utfordringar med eit smil og finne kreative løysningar på små og store problem.

· Laget er best: Samarbeide tett med kollegaer og medverke til et positivt arbeidsmiljø.

 

Dine kvalifikasjonar:

· Fagbrev som helsefagarbeidar eller aktivitør

· Førarkort kl. B

· Ynskje om erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming

 

Personlege eigenskapar:

· Gullhjarte: Du har eit brennande engasjement for å jobbe med menneske og eit stort hjarte for brukarane.

· Lattermusklar: Humor er din beste venn, og du brukar den flittig og på ein god måte til å skape stemning.

· Kreativ mastermind: Du boblar over av idear til aktivitetar og er ikkje redd for å prøve nye ting.

· Tryllekunstnar: Du har ei magisk evne til å gjere fleire ting samstundes, og du held hovudet kaldt i en travel kvardag.

· Superkommunikatør: Du er flink til å kommunisere, både med brukarar, pårørande og kollegaer.

· Tålmod til fingerspissane: Du har tålmod til å møte ein kvar person med ro, tid og romsamheit.

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju

 

Spørsmål kan rettast til einingsleiar Unni E. Øygarden på tlf. 90 25 16 83 / 35 06 81 61

 

Søknadsfrist: 23.06.24