LEDIG STILLING 

Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:

Fagarbeidar inntil 100 % årsvikariat for skuleåret 2024-2025 ved Kviteseid skule

 

Arbeidsoppgåver: I denne jobben vil du følgje opp enkeltelevar i klasser, vere læraren si hjelpande hand i timane, og eventuelt jobbe på SFO.

Kvalifikasjonar: Gjerne fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Annan utdanning kan vere aktuell. Personleg eignaheit vil vere avgjerande.

Personlege eigenskapar: 

-Du må vere varm og raus, inkluderande og ein tydeleg vaksenperson.

-Du må kunne byggje relasjonar og kunne sjå det beste i elevane. I tillegg ser vi etter deg som er utviklingsorientert, har fagkunnskap og som er genuint interessert i elevane si læring, trivsel og utvikling.

-Du må vere glad i barn, og ha kunnskap og evne til å handtere barn med ekstra utfordringar/behov.

-Du må kunne følgje beskjedar som blir gitt, men samstundes kunne ta sjølvstendige val og ha god dialog med dei tilsette på skulen.

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til rektor Odd-Arne Thorbjørnsen på mobil 90839469.

         

Søknadsfrist:  04.08.24