LEDIG STILLING 

Ved Kviteseid skule er følgjande stilling ledig:

 

Fagarbeidar inntil 100 % fast stilling frå 01.08.24

 

Arbeidsoppgåver: 

Vi søkjer primært etter barne- og ungdomsarbeidar. Annan utdanning kan óg vere aktuell.

I denne jobben vil du få i oppgåve å følgje opp enkeltelevar i klasser, vere læraren si hjelpande hand i timane, og eventuelt jobbe på SFO.

Kvalifikasjonar: Gjerne fagbrev innanfor barne- og ungdomsarbeidarfaget. Annan utdanning kan vere aktuell.

Personlege eigenskapar: 

Vi ynskjer varme, rause, inkluderande og tydelege vaksne.

Du må vere flink til å byggje relasjonar og kunne sjå det beste i elevane. I tillegg ser vi etter deg som er utviklingsorientert, har brei fagkunnskap og som er genuint interessert i elevane si læring, trivsel og utvikling.

Du må vere ein person som er glad i barn, og som har kunnskap og evne til å handtere barn med ekstra utfordringar/behov. 

Du må kunne følgje dei beskjedar som blir gitt, men samstundes kunne ta sjølvstendige val og ha god dialog med dei tilsette på skulen.

Skulekvardagen byr på mange gleder og utfordringar, og du må vere tolmodig og raus og kunne stå i tøffe tak. Belønninga kjem når  elevane lukkast!

 

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. 

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 

Lenke til elektronisk søknadsskjema: Søknad på stilling (VT-1) (kf.no)

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.

Spørsmål kan rettast til rektor Odd-Arne Thorbjørnsen på tlf. 35055302 eller mobil 90839469.

 

Søknadsfrist:  20.06.24