LEDIGE STILLINGAR
Me jaktar 2 legar som kan vera med å gjera legekontoret vårt til eit stabilt kontor med gode tenester. Er du interessert vil me lytta til dine ynskjer og behov for å gjera ein supert jobb som lege i Kviteseid kommune.
Kviteseid legekontor er eit lite legekontor i Vest-Telemark. Me er ein del av helsesenteret og jobbar tett saman med andre tenester på senteret som psykisk helse og rus, helsestasjon og fysio/ergoterapitenesta. Hjå oss får du moglegheit til å vera ein del av eit lite legekontor på bygda, samstundes som du har eit større fagmiljø og kollegaer i nabokommunen. Hjå oss blir du ein av tre fastlegar.
Me har felles kommuneoverlege med Seljord, og har eit tett samarbeid med felles legevakt og fagutvikling. Kviteseid kommune legg til rette for spesialisering i allmennmedisin. Moglegheit for ALIS stilling, med veiledning av kommuneoverlegen. Fri med lønn til veiledningsgruppe i spesialiseringsløpet.
Kviteseid legekontor har dyktige kontortilsette, og det er ein fleksibel og humørfylt gjeng. Dei tilsette har kjent pasientane og kvarandre i mange år, og har ein unik evne til å ta vare på kvarandre og pasientane.
Ved Kviteseid helsesenter, legekontoret er følgjande stillingar ledig:
Fastlege x 2 i 100 %, fast stilling
Arbeidsoppgåver:
- Kurativt legearbeid inkludert helsestasjonsarbeid
- Pasientlistetak på 750
- Vakter i interkommunal legevaktsordning. 10 delt vaktordning. Vaktslutt er normalt kl. 23:00
- Samarbeid med andre faggrupper i kommunen sine helse- og omsorgstenester
Kvalifikasjonar:
- Spesialistgodkjenning i allmennmedisin eller under spesialisering i allmennmedisin
- Norsk autorisasjon som lege
- Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- Relevant erfaring
- Førarkort klasse B
- God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Du er fleksibel og har erfaring med å takle akutte situasjonar
- Du har ei positiv innstilling og eit fagleg engasjement
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er løysningsorientert
- Du møter pasientar og menneske der dei er, og fylgjer pasientane dine tett opp
Me tilbyr:
- Særs gode kollegaer
- Eit arbeidsmiljø prega av fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
- Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
- Kontortid frå 08:00 – 15:30
- Avsett konsultasjonstid på 30 minuttar per pasient
- Me legg til rette for vidareutdanning i allmennmedisin.
- 4 veker permisjon med løn i året til fagleg utvikling og kompetanseheving
- 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kurs
- Allsidig pasientgruppe
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Spørsmål kan rettast til:
Hanne Norgaard, einingsleiar for fleire einingar innan helse og omsorg – mobil 909 20 315
Laila Thorsen, kommunedirektør – mobil 995 35 719
Søknadsfrist: 10.12.23
Om Kviteseid kommune:
Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark og har knapt 2 500 innbyggjarar. Kommunen har flott natur og eit allsidig turisttilbod, både sommar og vinter. I tillegg til eit aktivt jordbruk er det ulike former for næringsverksemd, mellom anna med over 50 kompetansearbeidsplassar i Vest-Telemark næringspark. Kommunen legg til rette for bustadbygging og næringsutvikling.
Kommunen har to oppvekstsenter, idrettshall og kunstgrasbane. Kommuneadministrasjonen held til i Kviteseidbyen.