Kviteseid kommune

Kviteseid helsesenter

 

Ynskjer du/dykk ein kvardag som lege der arbeidet gjev meining, glede og overskot til livet etter 15:30?

Kviteseid legekontor er eit lite men veldrive legekontor der me set verdiar som nærleik og tid til pasientane våre høgt. Me er tilsette som har kjent pasientane våre og kvarandre i mange år, og me meiner at me har ein unik evne til å ta vare på kvarandre og dei me er her for. Me er ein del av helsesenteret og jobbar tett saman med andre tenester på helsesenteret som psykisk helse og rus, helsestasjon og fysio/ergoterapitenesta.

Me har felles kommuneoverlege med Seljord, og har eit tett samarbeid med felles legevakt og fagutvikling. Hjå oss får du moglegheit til å vera ein del av eit lite legekontor på bygda, samstundes som du har eit større fagmiljø og kollegaer i nabokommunen. Legane hjå oss har fastløn. Hjå oss blir du ein av to eller tre fastlegar i tillegg til LIS1. Med har dyktige kontortilsette og er ein fleksibel og humørfylt gjeng. Er dette noko du, eventuelt saman med ein legekollega, kunne tenke deg/dykk? Skal du jobbe hjå oss må du tole ein arbeidskvardag som på sikt vil gjeva nokre ekstra smilerynker.

 

LEDIG STILLING

 

Ved Kviteseid legekontor er følgjande stilling ledig:

Fastlege(r), 100 % fast / vikariat, løpande tilsetjing

 

Arbeidsoppgåver

  • Kurativt legearbeid inkludert helsestasjonsarbeid
  • Pasientkonsultasjonar med listetak på 750/900(avhengig av legeheimlar)
  • Vakter i interkommunal legevaktsordning. 10 delt vaktordning. Vaktslutt er normalt kl 23:00 og uten nattevakter
  • Samarbeid med andre faggrupper i kommunen si helseteneste

Kvalifikasjonar:

  • Spesialistgodkjenning i allmennmedisin eller under spesialisering i allmennmedisin
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • Relevant erfaring
  • Førarkort klasse B
  • God framstillingsevne i norsk, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fleksibel og erfaring med å takle akutte situasjonar
  • Du har ei positiv innstilling og fagleg engasjement
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er løysningsorientert
  • Du møter pasientar og menneske der dei er og fylgjer pasientane dine tett opp

Me tilbyr:

  • Særs gode kollegaer
  • Eit arbeidsmiljø prega av fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
  • Fastløn etter avtale og kvalifikasjonar
  • Kontortid frå 08:00 – 15:30
  • Avsett konsultasjonstid på 30 minuttar per pasient
  • Me legg til rette for vidareutdanning i allmennmedisin. Moglegheit til å deltaka i lokal veiledningsgruppe med oppstart haust 2022. Du får fri med løn til både kurs og veiledningsgrupper, og regelmessig veiledning av kommuneoverlege.
  • 4 veker permisjon med løn i året til fagleg utvikling og kompetanseheving
  • 2 x 5 dagar ekstra fri med løn per år til utdanning/kurs
  • Allsidig pasientgruppe
  •  

Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Lenke til elektronisk søknadsskjema: https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=5554&externalId=3821 

Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju 

Spørsmål kan rettast til einingsleiar helse, Lill Iren Djuve på tlf. 477 58 522 eller helse- og omsorgssjef Olav O. Kaasa på tlf 913 01 556.

          

Søknadsfrist: 07.12.22