Retten til å jakte høyrer i utgangspunktet til grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr og villrein blir tildelt godkjente vald (det geografiske området der jakta skal vere) utan årleg søknad. For småvilt blir det ikkje kravt fellingsløyve.

Dåhjort kan jaktast på i heile landet uavhengig av minsteareal, kvote eller godkjent vald.

Grunneigarar kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for eit bestandsområde som er godkjend for jakt på elg og/eller hjort, og som disponerer eit areal på minimum 20 gonger minstearealet. Kommunen skal godkjenne planen. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanen. Godkjende villreinvald får fellingsløyve for kvart jaktår.

Målgruppe:
Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår:
Det må liggje føre ei godkjenning av vald for elg, hjort, rådyr eller villrein for å få fellingsløyve. Kommunen/villreinnemnda fastset minstearealet som er det arealet som grunneigaren må disponere for å få fellingsløyve for eitt dyr.

Pris:
Det er ikkje fellingsavgift for rådyr. Kommunen fastset fellingsavgift for elg og hjort, og Miljødirektoratet fastset fellingsavgift for villrein.

Les meir her:
Jakt, felling og fangst

Lovar og retningsliner:

Søknadsprosessen:
Godkjente vald treng ikkje å søkje om fellingsløyve. Kommunen (eller villreinnemnda) skriv ut eit årleg fellingsløyve og sender det til den valdansvarlege representanten. Finst det ein godkjend bestandsplan, kan alle fellingsløyva skrivast ut første året for heile bestandsplanperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyvet i alle høve blir skrive ut for kvart jaktår.

Høve til å klage:
Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du tok imot løyvet. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing.