Skade
Mykje floghavre i åkeren fører til redusert avling. Floghavre gjer skade ved å konkurrere med kulturplantene om næring, ljos og vatn. Haustkorn konkurrerer generelt betre enn vårkorn, avdi haustkornet er etablert før floghavra spirer.

Forebygging mot spreiing
Bruk floghavrefritt såkorn! Infisert såkorn er ein effektiv måte å spreie ugraset på. Kjøp sertifisert såkorn om du er usikker på om eiga avling er floghavrefri. Skurtreskar og halmpresse som vert nytta fleire stader, må reingjerast grundig før dei takast i bruk. Kjøpt halm må lutast skikkelig. Dette gjelder og eigen halm om garden har floghavre.

Det er forbod mot å selge jolenek, halm, frøhalm, kornavrens, frøavrens, agner, kompost, husdyrgjødsel, jord og planter med jord frå eigedom med floghavre. Det er imidlertid lov å selge halm/frøhalm som er handsama slik at spireevna er ødelagt. Salg av heilt korn til fôr er forbudt. Korn, erter og frø skal malast så fint at spireevna sjå eventuell floghavre øydeleggast. Når korn, ert, frøavrens og infisert halm transporterast med bil eller traktortilhengar, skal botnen vere tett, og lasset dekt over for å unngå spreiing.

Bruksområde for Puma Extra er bygg, kveite, rug og rugkveite utan attlegg. Sprøytetid er frå stadiet der kornplantene har 2 blad og fram til ferdig busking.

Sjølv om det sprøytast, må åkeren kontrollerast grundig. Overlevde planter må lukast vekk! Kjemiske midlar har ikkje innverknad på havreåker. Havre bør difor ikke dyrkast på skifte med mykje floghavre.

Ein bør heller ikke dyrke oljevekstar uten å sprøyte, då det er vanskelige vekster å luke i. Dei kan sprøytast med Avadex 480 eller såkalla kvekemiddel.

Den sikraste og enklaste måten å bli kvitt floghavre på, er å legge att til langvarig eng. I vekstar som haustast tidleg, f.eks. fôrraps og raigras, reduserast også floghavremengda, særlig om slike vekstar dyrkast fleire år på rad. Floghavra får ikke produsert mogne frø. Kålrot og jordeple er og bra, men hugs å luke floghavreplanter som står att etter radrensking.

I tillegg til effektiv nedkjemping av hele arealet, skal eit 20 meter breitt belte mot kanal, elv, bekk, veg og dyrka mark på naboeigedom, haldast fritt for frøberande floghavre i heile vekstsesongen.

Problem med floghavre må takast alvorleg for å sikre såkornproduksjonen i fylket. Effektiv kamp vil og kunne redusere bruken av plantevernmiddel mot floghavre i framtida og det er viktig i miljøsamanheng.

Telemark Bondelag, Telemark Bonde og Småbrukerlag, Forsøksringane i Telemark, kommunanes landbruksforvaltning og Fylkesmannens landbruksavdeling oppmodar den einskilde kornprodusent til å gjennomføre desse tiltaka for å få bukt med floghavra:

  • Frå byrjande skyting må åkrane kontrollerast jevnleg
  • Floghavren må lukast vekk minst ei gong i veka frå aksskyting til gulmogning
  • Plukka floghavre skal samlast i sekkar og øydeleggjast på garden (brenning e.l.). Det er ikke lov å levere floghavre til kommunal renovasjon eller avfallsplass
  • Ved store mengder floghavre er sprøyting aktuelt
  • Du er pålagt å halde eit belte på 20 m mot nabo, elv, bekk o.l. fri for floghavre
  • Gard med floghavre bør ikke leigereinse såfrø på fellesanlegg
  • Reingjer halmpresse og skurtreskar osv. før dei flyttast frå garden
  • Ved transport av korn og ubehandla halm skal lasset være tett (dekt)
  • Mykje floghavre kan føre til trekk i areal- og kulturlandskapstilskotet!

Lovar og retningsliner:

Floghavre forskrift

Registreringsskjema ved funn av floghavre