Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Foreldremøte om digital dømmekraft 9. mars kl. 18:00-20:00

Publisert , Oppdatert 26. februar 2020
foreldre-bruker-dialogduk

Kven: Føresette til barn frå 4 år til 4. trinn i Kviteseid kommune. Kvelden passar best for føresette med barn i skulen, men vi ynskjer også å invitere dei eldste gruppene i barnehagen, sidan vi erfarer at også yngre barn er aktive på nett.
Kvar: Kviteseid skule. kantina
Når: Måndag 9. mars kl. 18:00-20:00

Norske barn er aktive brukarar av nett og mobil. Dette gjev glede og positive moglegheiter for læring og trivsel, men gjev også mange barn utfordringar dei ikkje er store nok til å handtere utan støtte og gode råd frå oss vaksne.

Korleis fremme barn si positive deltaking på nett?

I dette foreldremøtet blir de invitert til å snakke saman for å dele erfaringar og synspunkt, og på denne måten bli litt betre rusta til å handtere, engasjere og involvere dykk i barna dykkar sine digitale liv.  

Det å kunne snakke saman, rettleie og vera ein god digital rollemodell kan bidra til å gjere barn trygge på nett. Funn frå Medietilsynet sine barn og medieundersøkingar viser blant anna at det beste alternativet for å lære barn om trygg bruk av nett, mobil og spel er at foreldre har god dialog med barna sin.

På møtet kjem vi til å bruke eit samtaleverktøy som heiter "Dialogduk", sjå bilete over. 

Vi håpar så mange som mogleg kan koma! Vi veit at føresette som involverer seg er ein viktig faktor for å førebygge uheldige sider ved barn sin digitale kvardag!

Møtet blir leia av Mobbeombudet i Vestfold og Telemark, Renate Mentzoni Aaraas.

Vel møtt!

Helsing

Leiarar i skule og barnehage i Kviteseid kommune