På tur i Kviteseid

Saman med Kviteseid turlag, Fjågesund IL, Kviteseid IL, Morgedal IL og Vrådal IL ynskjer Kviteseid kommune å inspirere til at folk i Kviteseid kjem seg ut på tur.
Me har samla dei fleste trimturane i kommunen i ein faldar slik at du får ein oversikt over turane som er med i årets «På tur i Kviteseid»

Målet vårt er at du skal bli kjent på mange nye stadar i kommunen og oppleve kommunens flotte natur. Dette er eit breidde- og lågterskeltilbod med fokus på folkehelse og at du skal kome i betre form.

Kviteseid kommune vil gje deltakarpremie til alle som har gått fem kvardagsturar/turboturar og ti toppturar. For born f. etter 2009 og vaksne over 70 år er kravet fem kvardagturar/ turboturar og fem toppturar. Faldaren leverar du i resepsjonen på kommunehuset og du får din premie. Siste frist er 1.november.

Kviteseid Turlag og idrettslaga har eigne trekkepremiar. Du må registrere turane dine på DNT sin SjekkUt App eller på denne faldaren for å bli med i trekkinga av premiane til Kviteseid turlag.  Idrettslaga har bok på turmålet som du skriv namnet ditt i eller i denne faldaren for å bli med på trekkinga. Meir info om trekkepremiar finn du på turlaget og idrettslaga sine heimesider/FB-sider.

Turmåla har ulik grad av merking, frå god til mindre god. Derfor kan eit godt turkart vera lurt å ha med. Det kan du kjøpe på bokhandelen eller laste ned på din telefon.

Faldaren «På tur i Kviteseid» kan du laste ned her

Kviteseid Turlag sine SjekkUT 2019 turar finn du her

Her kan du laste ned ein oversikt over alle turane (SjekkUT og andre turar 2019)