I den kommunale fysio- og ergoterapitenesta er det to fysioterapeutar, ein ergoterapeut og ein fysioterapeut med driftsavtale. Tenesta er også med i kommunen sitt meistringsteam.

Vilkår

Det er ikkje behov for henvisning fra lege eller sjukehuset, du kan ta direkte kontakt med fysioterapeut. Fysioterapeuten vil gjere ei undersøking og ei faglig vurdering av behovet og behandlingsform.

Pris

Når du går til fysioterapeut må du betale ein egenandel, båe om du går til privat med driftstilskot eller kommunal fysioterapeut. Egenandelen teller med i opptjeningen til frikort for egenandelstak 2. Fritak for betaling av egenandel er for barn under 16 år, personer med frikort tak 2 og for personer med godkjent yrkesskade

Her finn du meir informasjon om betaling og frikort. 

Lovar og retningslinjer

Fysioterapi er ei lovpålagd teneste. Sjå forskrift om habilitering og rehabilitering §§ 7 og 8.

Sjå òg folketrygdloven § 5-8, pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 og kapittel 7 og forskrift for sykehjem § 2-1.