Nr.   Gebyrregulativ    Pris
1.1  Oppretting av matrikkeleining       
1.1.1  Oppretting av grunneigedom og festetomt    
   Areal 0 - 2000 m2 kr  13.600,-
   Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja dekar kr  1.100,-
   For areal over 8000 m2; Tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats 
 lik 1,2 promille av årsløna.
   
   Frådeling av eksisterande festetomt der det er gjennomført oppmåling/laga 
 målebrev etter 01.01.1980, får 2/3-dels gebyr.
   
   Frådeling som fell inn under §42 i matrikkelforskrifta (LNFR-areal over 
 100 dekar) for 2/3-dels gebyr. 
   
1.1.2   Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn    
   Pr. sak uansett arealdel  kr  4.000,-
   Der markarbeid er påkrevd, utløyser det tilleggsgebyr etter pkt. 1.6.    
1.1.3  Oppmåling av uteareal på eigarseksjon kr  5.000,-
   For fyrste to eigarseksonar, areal 0-2.000 m2    
   Pr. eigarseksjon over to kr  2.000,-
   Areal frå 2001 m2 - auke pr. påbyrja 1000 m2 kr  1.000,-
1.1.4  Oppretting av anleggseigedom    
   Volum 0 - 2000 m3  kr  6.100,-
   Volum frå 2001 m3 - auke pr. påbyrja 1000 m3 kr  500,-
1.1.5  Registrering av jordsameige    
   Gebyr etter brukt tid, med timesats lik 1,2 promille av årsløna     
1.1.6   Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning    
   Som i punkt 1.1.1, 1.1.2, 1.1.4 og 1.1.5.    
   Ved fullført oppmåling eit tilleggsgebyr kr  3.800,-
1.2   Avbrot       
1.2.1   Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering    
   Gebyr for utført arbeid dersom saka blir trekt før ho er fullført, må 
 avvisast, ikkje let seg matrikkelføre på grunn av endra heimelstilhøve, 
 eller av andre grunnar ikkje kan fullførast, blir sett til 1/3 av gebyrsatsane i 1.1. 
   
1.3  Grensejustering    
1.3.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige    
   Ved gebyr for grensejustering kan areal for involverte eigedomar justerast med
 inntil 5% av eigedomsarealet (maksimalgrensa er sett til 500m2). Ein eigedom 
 kan derimot ikkje gje frå seg areal om si sum overstig 20 % av eigedomsarealet 
 før justering. For grensejustering til veg- eller jarnbaneførmål kan andre 
 arealklasser gjelde.   
   
   Areal 0 - 500 m2 kr  6.100,-
1.3.2  Anleggseigedom       
   For anleggseigedom kan volumet justerast med inntil 5 % av 
 anleggseigedomsvolumet, men den maksimale grensa er sett til 1000 m3.
   
   Volum 0 - 250 m3  kr  3.100,-
   Volum 251 - 1000 m3 kr  6.200,-
1.4  Arealoverføring    
1.4.1  Grunneigedom, festegrunn og jordsameige     
   Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast.
 Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- 
 og jarnbaneføremål.  
   
   Areal 0 - 100 m2 kr  4.700,-
   Areal 101 - 250 m2  kr  7.000,-
   Areal 250 - 500 m2   kr  9.600,-
   Auke pr. nytt påbyrja 500 m2   kr  500,-
   Dersom grense(r) på eksisterande grunneigedom ikkje er koordinatbestemt, 
 eit tilleggsgebyr på: 
kr  3.500,-
   + evt. tilleggsgebyr for tidsbruk over 4,0 t med timesats lik 1,2 promille av årsløna    
1.4.2  Anleggseigedom       
   For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ei matrikkeleining 
 til ei anna,
 - ikkje vere registrert på ei tredje matrikkeleining. Volumet kan bare overførast
 til ei matrikkeleining dersom vilkåra for samanføyning er til stades. 
 Matrikkeleininga skal utgjere eit samanhengane volum. 
   
   Volum 0 - 500 m3  kr  4.000,-
   Auke pr. nytt påbyrja 500 m3   kr  500,-
1.5   Klarlegging av eksisterande tomt der grensa ikkje er koordinatbestemt       
   For tomt inntil 8000 m2 kr  9.200,-
1.6   Klarlegging av eksisterande grense der grensa tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning.    
   For inntil to punkt   kr  4.100,-
   For overskytande grensepunkt, pr punkt kr  300,-
1.7   Klarlegging av eksisterande grense der grensa ikkje tidlegare er koordinatbestemt/ 
 eller klarlegging av rettar.   
   
   For inntil to punkt kr  7.000,-
   For overskytande grensepunkt, pr. punkt  kr  700,-
   Gebyr for klarlegging fakturerast etter brukt tid, timesats 1,2 promille av årsløna    
1.8   Privat grenseavtale     
   For inntil 2 punkt eller 100 m grenselengde kr  1.200,-
   For kvart punkt eller påbyrja 100 m grenselengde kr 100,-
   (Vel billigaste alternativ for rekvirenten)    
1.9  Urimelege gebyr    
   Dersom gebyret klart er urimeleg i høve til prinsippa som er lagt til grunn, og det 
 arbeidet og dei kostnadane kommunen har hatt, kan rådmannen eller den han/ho 
 gjev fullmakt, av eige initiativ fastsetje eit passande gebyr.
   
   Fullmaktshavar kan under same føresetnadar og med bakgrunn i grunngjeven 
 søknad frå den som har fått krav om betaling av gebyr, fastsetje eit redusert gebyr.
   
1.10   Betalingstidspunkt    
   Gebyret skal krevjast inn på forskot    
1.11   Endringar i grunnlaget for matrikkelføringa av saka    
   Endrar rekvirenten grunnlaget for matrikkelføringa av saka før ho er avslutta, skal 
 gebyret likevel stå ved lag.
   
1.12  Utskriving av matrikkelbrev    
   Matrikkelbrev inntil 10 sider  kr  175,-
   Matrikkelbrev over 10 sider kr  350,-
1.13    Gebyr rekna ut etter brukt tid    
   Gebyr for oppmålingsarbeid som ikkje kan fastsetjast ut frå punkta over, skal reknast 
 ut etter brukt tid, timespris som svarar til 1,2 promille av brutto årsløn for den som 
 utfører arbeidet, i tillegg til kostnadar med reise og eventuelt merkemateriell. 
   
1.14  Statlege gebyr og avgifter    
   Tinglysingsgebyr og eventuelle dokumentavgifter kjem i tillegg til alle kommunale gebyr.    
1.15  Regulering av gebyrsatsane    
   Gebyrsatsane kan regulerast kvart år i samband med budsjettvedtaket i kommunen, og 
 skal innordnast målet om full inndekking i sjølvkostregnskapet for desse tenestene.
   
1.16  Tidspunkt for iverksetjing    
   Gebyrregulativet gjeld frå 01.01.2018.    


 

Gebyrregulativet er vedteke av Nissedal kommunestyre (sak 076/17, 14.12.17) og Kviteseid kommunestyre (sak 088/17, 14.12.17).